Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Interkommunale samarbeid og arkiv

Ålesund kommune har direkte eigarandelar i aksjeselskap, interkommunale selskap, kommunale føretak, samt engasjement i stiftingar/sjølveigande institusjonar. Vidare deltek Ålesund kommune i større og mindre interkommunale samarbeid.

Samla vert det forvalta store verdiar i desse føretaka. Målet er å utøve eit eigarskap som samla sett skal bidra til god utvikling av føretaka, langsiktig verdiskaping og tydeleg styring. Dette krev tydelege føringar, rolleavklaring og open dialog mellom eigar og føretak.

Kommunane sitt ansvar for ein tydeleg eigarskapspolitikk er forankra i kommunelova.

Lovverk

Kommuneloven §17-1 Interkommunalt samarbeid

Kommunar kan utføre felles oppgåver gjennom eit interkommunalt samarbeid. Eit interkommunalt samarbeid skal føregå gjennom eit interkommunalt politisk råd, kommunalt oppgåvefelleskap, vertskommunesamarbeid, interkommunalt selskap, aksjeselskap eller samvirkeføretak, ei foreining eller på ein annan måte som det er rettsleg tilgang til.

Kommunelova §18-4 Samarbeidsavtale

Når det blir oppretta eit interkommunalt politisk råd, skal det inngåast ein skriftleg samarbeidsavtale mellom alle deltakarane.

Samarbeidsavtalen skal fastsetje mellom anna korleis rådet skal oppløysast og kven som skal ha ansvaret for oppbevaringen av arkiva i rådet etter at rådet er oppløyst.

Kommunelova §19-1 Kommunalt oppgåvefellesskap

To eller fleire kommunar kan saman oppretta eit kommunalt oppgåvefellesskap for å løysa felles oppgåver.

Kommunelova §19-4 Samarbeidsavtale

Når det blir oppretta eit oppgåvefellesskap, skal det inngåast ein skriftleg samarbeidsavtale mellom deltakarane i oppgåvefellesskapet. Samarbeidsavtalen skal mellom anna fastsetje korleis oppgåvefellesskapet skal oppløysast, og kven som skal ha ansvaret for at arkiva til oppgåvefellesskapet blir tatt vare på etter at oppgåvefellesskapet er oppløyst.

Kommunelova §20-1 Vertskommunesamarbeid

En kommune kan overlate utførelsen av lovpålagte oppgaver og delegere myndighet til å treffe enkeltvedtak eller vedta forskrift til en vertskommune etter reglene i dette kapitlet, så langt annen lovgivning ikke er til hinder for det.

Arkivlova §1 Føremål

Kommunen skal sikre at arkiv som har monaleg kulturelt og forskingsmessig verde eller som inneheld rettsleg eller viktig forvaltingsmessig dokumentasjon, blir tatt vare på og gjort tilgjengelege for ettertida.

Offentleglova §1 Føremål

Formålet med lova er å leggje til rette for at offentleg verksemd er open og gjennomsiktig, for slik å styrkje informasjons- og ytringsfridommen, den demokratiske deltakinga, rettstryggleiken for den enkelte, tilliten til det offentlege og kontrollen frå ålmenta. Lova skal òg leggje til rette for vidarebruk av offentleg informasjon.

Offentleglova §2 første ledd Verkeområdet til lova

Lova gjeld fora. staten, fylkeskommunane og kommunane,b. andre rettssubjekt i saker der dei gjer enkeltvedtak eller utferdar forskrift,c. sjølvstendige rettssubjekt der stat, fylkeskommune eller kommune direkte eller indirekte har ein eigardel som gir meir enn halvparten av røystene i det øvste organet i rettssubjektet, ogd. sjølvstendige rettssubjekt der stat, fylkeskommune eller kommune direkte eller indirekte har rett til å velje meir enn halvparten av medlemmene med røysterett i det øvste organet i rettssubjektet.Bokstavane c og d gjeld ikkje rettssubjekt som hovudsakleg driv næring i direkte konkurranse med og på same vilkår som private. For verksemder som etter offentleg oppkjøp eller liknande kjem inn under bokstavane c eller d, gjeld lova frå og med fjerde månadsskiftet etter den månaden da vilkåra vart oppfylte.

Laster...