Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no

Ålesund kommune frå 2020

Banner

Formålet med arkivplan

Arkivplanen gir bindande retningslinjer for behandling av all informasjon og dokumentasjon i Ålesund kommune, jf. arkivforskriften § 4.

Arkivlova med forskrift ligg til grunn for retningslinjene. Arkivplanen skal bidra til at Ålesund kommune tar vare på arkivansvaret sitt etter arkivlovas § 6 der det heiter: "Offentlege organ pliktar til å ha arkiv og desse skal vera ordna og innretta slik at dokumenta er tryggja som informasjonskjeldar for samtid og ettertid".

Kommunedirektøren har det overordna arkivansvaret (jfr. Arkivforskrifta § 1-1). Dokumentsenteret ved leiar og fagleg leiar har det daglege ansvaret for arkivtenesta i kommunen og utarbeider verksemdsplanar for denne.

Den 1.1.2020 vart Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund kommunar slått saman til Ålesund kommune. 

Arkivplanane frå dei tidlegare kommunane dannar grunnlaget for denne arkivplanen. 

Nyttige internettsider: 

Ålesund kommune si heimeside

Ålesund kommune i Wikipedia

Statistisk sentralbyrå - Kommunefakta Ålesund - Kommuneareal Ålesund