Ålesund kommune har utarbeidd bestandsoversyn for dei fem tidlegare kommunane (Ålesund, Haram, Sandøy, Skodje og Ørskog) i samband med samanslåinga til ein stor kommune. Desse oversynane er tilgjengeleg for Dokumentsenteret i Teams, men er pdd ikkje tilgjengeleg for resten av organisasjonen. Planen er at desse listene skal samlast i Documaster og at listene på sikt skal bli tilgjengeleg for saksbehandlarane via intranett.
Dokumentsenteret tek vare på og forvaltar bortsettingsarkiv for dei kommunale einingane. Dokumentsenteret er i gang med ein større ryddejobb i bortsett arkivmateriale og har starta prosessen med å lage ein framdriftsplan for arbeidet med å ordne og katalogisere bortsette arkiv. Arbeidet består av rensing, rydding, arkivbegrensning, ordning, listeføring, pakking og merking av avslutta materiale som ikkje er avlevert til depot.
Laster...