Formålet med arkivplanArkivplanen gir bindande retningslinjer for behandling av all informasjon og dokumentasjon i Ålesund kommune, jf. arkivforskriften § 4. Arkivlova med forskrift ligg til grunn for retningslinjene. Arkivplanen skal bidra til at Ålesund kommune tar vare på arkivansvaret sitt etter arkivlovas § 6 der det heiter: "Offentlege organ pliktar til å ha arkiv og desse skal vera ordna og innretta slik at dokumenta er tryggja som informasjonskjeldar for samtid og ettertid". Kommunedirektøren har det overordna arkivansvaret (jfr. Arkivforskrifta § 1-1). Dokumentasjonsforvaltning ved leiar og fagleg leiar har det daglege ansvaret for arkivtenesta i kommunen og utarbeider verksemdsplanar for denne. Den 1.1.2020 vart Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund kommunar slått saman til Ålesund kommune. Arkivplanane frå dei tidlegare kommunane dannar grunnlaget for denne arkivplanen. Den 1.12024 vart Haram og Ålesund delt. Dette er arkivplanen for Ålesund kommune frå 2024. Nyttige internettsider: Ålesund kommune si heimeside Ålesund kommune i Wikipedia Statistisk sentralbyrå - Kommunefakta Ålesund - Kommuneareal Ålesund |